Ing Arvid Nesheim
Startside.Om IAN.Teknologi.Tenester.Kontakt.Lenker.Annonser.

 

Har du planar om å etablere energianlegg for å utvinne energi frå sjøbølgjer, tidevatn, ein havstraum eller ei elv?

Eg kan hjelpe med følgjande:

- estimering av tilgjengeleg energi  

- metodar for å kombinere energikjelder for eks. ved bruk av Multi-Energy Device

- dimensjonering og tilpassing av komponentar til energianlegget

- råd om metodar for å fjernstyre og overvake energianlegget

- råd om metodar for å lagre energien

- råd om vedlikehald

- levering av maskiner og utstyr til energianlegget

 

Ta gjerne kontakt for å få ei gratis og uforpliktande vurdering av tilgjengeleg energi, energi omformingsmetodar og dimensjonar for hovudkomponentane til energianlegg du ønskjer å installere eller oppgradere.

For å utføre vurderinga treng eg følgjande informasjon:

- gjennomsnittleg bølgjehøgd

- strøymingsfarten* til tidevatnet, havstraumen eller elva

- vassdjupna og breidda til elva

  (*Med omsyn til plassering av komponentar som skal fange opp energi vær

     oppmerksam på at dei bør plasserast der strøymingsfarten til vatnet er størst)  

- beskrivelse av eksisterande energianlegg (dersom relevant)

- mengde energi per år (kilowatt timar) du ønskjer anlegget skal produsere

 

Send informasjonen til e-post adresse mail@anwsite.com eller ta kontakt på telefon nr.:  951 08 439. Du vil få vurderinga tilsendt innan 5 dagar.  

 

 

 

Tenester

Norsk.
English.

© Ing Arvid Nesheim